Kari på Voss med Skilaget

27/06/2010 av Kari

Flott dag i Myrkdalen

15/01/2012 av roar

Norges Cup

10/01/2012 av roar

Barmarktestar

 

Hei og hå! To dagar med barmark på Voss er unnagjort. Fyrste dagen hadde me testar på Voss idrettsplass der me gjennomførte 60 m, 3 ulike spenst testar, armehevingar, hangups og sjølvaste Q-per testen. Torsdag morgonen var det ein slapp gjeng som kom dinglande på samling. Såg ut som dei allereie hadde gått inn i skikkeleg sommarferie modus. Men, Hege og eg fekk “piska” dei i gang :-) Testane gav oss mange veldig gode resultat og ein del dårlege resultat. Men, alle jentene har lova oss å trena bra i sommarferien, slik at me kan ta nye testar når hausten kjem :-) Etter testane var det stupetrening med vårt eige stupe fantom, Chrispy. Ho lærte jentene grunnleggande stuping i utebassenget, heilt til dei hakka tenner og me reiste på Dollyen og gaffla innpå med Pizza. Fredag var leikedagen då me rafta i Standa elva. Jentene i grupper på 6, fekk kvar sin instruktør med i båten som gav grundig opplæring før det bar ned fossefalla :-) Ein knall oppleving for alle saman!!! God sommar til dykk alle som les dette! No byrgjar EKSTREMSPORT VEKO!!! Beste helsing Kari

 

Bilder fra samlinga finner du ved å trykke HER

 

 

Bilder til artikkelen:

Klikk på eit bilde for å forstørre det.

 

Scandinavisk Freestyle Cup

17/01/2012 av roar

Flott dag i Myrkdalen

15/01/2012 av roar

Norges Cup

10/01/2012 av roar

Ruka

11/12/2011 av roar

WC kuler

09/11/2011 av roar

Intervju på Nrk

08/11/2011 av roar

Fleire Postar >
Synnøve Finden