TRENARANE

Møt Kari, Hege, TC og Doffen

VISJON

Kva er målet med Kari Traa Skilag?

LAGA

Les om dei 2 laga i Kari Traa Skilag

Kari Traa
Skilagets initativtakar og hovedtrenar. Kari sin lange erfaring er god å støtte seg til når ein skal lære jentene å køyre kuler. Latter og moro sit aldri langt inne hos Kari og ho lev opp til sin filosofi at idrett skal vere leik og moro. Kari er med på dei aller fleste samlingane og vil helst vere med når jentene "hennar" reiser til utlandet for å konkurrere.

Hege Magnusson
Hege jobbar i Skigutane A/S. Ho har jobba mykje som skilærar og er primus motor i freestylemiljøet på Voss. Blir ofte kallt "Vossa pota" og kan brukast til alt. "Mor Hege" sørger for at alle er i godt humør til kvar ein tid, og passar alltid på at jentene kjem seg i seng.

Doffen
Denne Bergensaren er tidlegare kulekøyrar på landslagsnivå, men har tatt seg ein pause frå aktiv køyring grunna skade. Har vore med Skilaget i ca 1,5 år og har som ambisjonar å jobbe seg tilbake til landslaget. Doffen er trenarteamet sitt yngste medlem og vår kjekkas.

TC
TC jobbar som trenar hos Voss Freestyleklubb og på Freestyle linja ved Voss Gymnas. Han har idrettsfagleg bakgrunn og er ein pioner innan norsk skikøyring. Han var blant dei første profesjonelle jibbarane i Norge og har lang skierfaring tross sin unge alder.

 

Andre Støttespelarar

 

Tove Lie Andersen
Er Skilaget sin eigen hoff fotograf og har vore med siden starten. Ligg alltid i buskene og fangar dei gode stundene til tape, noko alle vil få glede av når TV serien blir vist. Tove har lagt ned mykje arbeid med å redigere og gi jentene ein DVD fra dei fleste samlingene. Dette er gode minner for utøvarane å ta med seg vidare og noko foreldra set stor pris på. Tove sine produksjonar er og brukt i promoteringar av Skilaget og har bidratt til den suksessen det har blitt. Alle filmsnuttar på skilagssida er laga av Tove.

 

Roar Andersen
Roar er mannen som styrer alt i Kari Traa skilag. Han bestiller reiser, sender ut nødvendig  informasjon, melder jentene på tevlingar osv. Roar vart introdusert til Freestylesporten då alle gutane hans (Tobias, Torben og Tevje) byrgja med kulekøyring. Når han ikkje jobbar med skilaget, arbeidar Roar som fengselsbetjent. Me trur nok det til tider er vel so slitsomt å vera med skilaget på tur, enn å passa fangar ;-)  Roar har eit utrulig godt humør som smittar oss lett. Han har eit engasjement for sporten og for sosiale aktivitetar som gjer at det alltid er moro å henga med Roar. Utan denna staute pådrivaren av ein kar, hadde nok ikkje skilaget fungert so bra som det gjer i dag!

Jentene

Møt jentene på Kari Traa Skilag

TV-SERIEN

Kulejenter på NRK

Synnøve Finden