TV-Serien

Kulejenter på NRK

VISJON

Kva er målet med Kari Traa Skilag?

LAGA

Les om dei 2 laga i Kari Traa Skilag

TV-serien "KuleJenter" følgjer Kari Traa Skilaget gjennom to år, frå etableringa i 2006 via samlingar og renn både i Noreg og i utlandet, til avslutninga av Nordisk Cup vinteren 2008. Vi møter trenerane og 15 jenter i alderen 10-16 år som utfordrar og vinn over begrensningar i seg sjølv.

 

Frå aldri å ha kjøyrt i ein kulebakke går dei igjennom ein rekke fasar og utfører dristige stunts i skibakkar og på vannhopp som dei ellers aldri kunne førestelt seg sjølv. Men så godt som alle jentene har som mål å bli betre enn det Kari Traa var som aktiv. Og det vil jo seie at dei ser seg sjølv på toppen av seierspallen i eit internasjonalt renn.

 

Sjølv om både jentene og trenerane har ambisjonar, ønskjer ingen at Kari Traa skilag skal vere eit miljø av idrettsbroilere. Det leggast ikkje press på utøverane, og aktivitetane på samlingane dreier seg om langt meir enn trening og konkurranser. Trenerane hevdar at deires oppgåve er å lære jentene korleis dei skal trene riktig. Men det er opp til jentene sjølv å bestemme i kor stor grad dei vil benytte seg av det når dei kjem heim frå samlingar og renn.

 

Episode 1:
Kari Traa Skilag har eksistert i eit år då det sommaren 2007 arrangeres opptaksprøver for nye medlemmer på Folgefonna i Jondalen. Ei rekke nye jenter konkurrerar om tre ledige plassar på laget. Ikkje alle er like begeistra for å få inn nye konkurrenter.

 

Episode 2:
Sommaren 2007 møter dei nye medlemma resten av skilaget på samling i Mandal. Då er det vannhopp frå eit tolv meter høgt stillas, som står på programmet.

 

Episode 3:
Seinare på hausten er det samling i alpelandsbyen Zermatt i Sveits. Der skal triksa dei lærte seg på vannhoppet i Mandal forsøkes på snø, nesten fire tusen meter over havet.

 

Episode 4:
Vinteren 2008 handlar om deltaking i Nordisk Cup med konkurransar i Noreg, Sverige og Finland. Her får jentene bryne seg på konkurrenter frå andre nordiske land. Nokon opplever nederlag, andre skader og fleire blir vinnare.

 

KuleJenter er ein serie om idrettsglede, vennskap og mange sprelske innfall både frå vaksne og born. Kari Traa Skilag er etablert for å gi unge jenter ein introduksjon til Kulekjøring. Trenerane har ikkje ambisjonar på løperanes vegne. Dei gir dei råd og innspel, lærer dei å trene riktig, deretter er det opp til dei unge utøverane kva dei vil gjere ut av det. I serien ser vi korleis dei utviklar venskap og ferdigheiter, korleis dei taklar skader, tap og sigrar. Serien er full av fart og humør.

 

Sjå teaseren for tv-serien her:

Jentene

Møt jentene på Kari Traa Skilag

Trenarane

Møt Kari, Hege, TC og Doffen

Synnøve Finden